Den mestringsfølelsen😄


Den gleden eg følte då eg fann første stolpen ute på tur åleine
Til og med nesten rett parkert.
For kjentfolk og andre nok så enkelt at ein rister på hovudet over elendigheita..
Men,skal lite til for å glede meg og var på plasser eg aldri har vore sjølv om eg køyrer rett forbi.
stigestrand

3 stolper får greie seg.
Kan ikkje utfordre sjebnen før jobb.
Vende nasa mot jobben og gjekk folkestien.

Koseleg sti.
Kjekk kveld på jobb men godt å komme heim til Ingolf.
Trur han var glad for å sjå meg og

Kaldt

Nordavinden er kald uansett kva retning den kjem frå:-)

Skikkeleg surt og kaldt idag.
Ser så flott ut,men….var igrunnen glad for å komme i varmen etter kveldsturen.Og eg var godt kledd
Men april er april:-)
Har kosa meg med Sommerhytta på tv
Koseleg program og litt lærer eg og
Stiv som ein pinne og skulder på veret.Er rett og slett nesten komisk å sjå på
Men har slått meg ned på sofaen ilag med Ingolf
Best under pleddet.
Seinvakt i morra heldigvis .Litt godt å få sove litt på morningen for søvnen om natta er litt opp og ned

Må kanskje hekle eitpar omgangar på gardina i kveld og ,skal dette ha ein sjangs å verte ferdig dette århundre:-)

Går fort når eg først får ånden over meg, men det er heller sjelden

Vurderer om eg skal prøve å finne nokre stolper før jobb imorra.Høyres litt rart ut.Men er det jakt så er det det
Kan jo tenkje slik at finn eg dei ikkje så har eg i det minste fått trim.Må berre halde meg til dei som er grønne og lette å finne:-)Kan ikkje rote meg vekk.Skal på jobb
Må tenkje på det…
Bevegelse har eg i det minste ikkje vondt av.

Når nokon har tatt arbeidet med å sette stolpane opp så er det jo greit å teste det ut.
Synd det er litt lang køyring:-)

Må først sjekke veret:-)Og viljen:-)Mykje som skal klaffe

Stolpejakt:-)

Idag har eg vore på stolpejaktåpninga i Leirvik
Første gang det er laga til stolpejakt i kommunen så syns det er eit supert tiltak
Fekk med meg 5 stolper med guide:-)
Åleine bør eg nok først sjekke om Røde kors er ute etter å øve seg

Ikkje kan eg kart og har null retningssans:-)Katastrofe
Men kjekt er det syns eg.Sjølv om kondisen er laber.
Er no i det minste starta:-)
Glømde ta bilde i forkavelsen:-)Jaja kan ikkje få med meg alt
All ære til dei som har fått det i boks

Puust og pæs


Godt med god drahjelp når formen er laber og viljen svak
Døtre med god tid er berre supert

Verdt det når målet er nådd og utsikten super
utsikta til Alden er vakker

Fint turver men surt på toppen.
Berre å komme seg i ly
Kosetur
Takk for turen❤️

No er eg rett og slett sur

Ingolfen her
Må berre sei
No er eg rett og slett ganskje so forbanna på gamla
Her ga ho meg vel og merke frukost før ho for på jobb
Ikkje anna å vente
Så vanen tru stilte eg opp og forlanga middag då ho kom heim
Kor er maten?Eg var igrunnen ganske så pågåande.
Gamla kikka i øsja og sa…Du har fått dagsrasjonen
Ka søren?Sa eg ..frukost
Nå sa gamla…Det er tomt her så du har nok fått mat mens eg var vekke

Tja.Her var no eldstemann på besøk.Rett skal vere rett.
Men har ho tenkt på at han nok har ete maten sjølv.Var jo ikkje ei brødskive å sjå i mils omkrets..
Ho held på sitt og eg på mitt.
Så her er stemning kan de tru—
God lørdagskveld

Indre krangel

Det er ikkje nødvendig å vakne kl 04
Viktig å kunne få sove i fred fram til eg vakner av vekkeklokka.
Eg er nemlig trøtt
Har ein indre dialog med kroppen min
Er som å snakke til døve øyrer
Den skit rett og slett i kva eg måtte tenkje
Den lever sitt eige liv
Trur rett og slett den høyrer meir på Ingolf
Han var nemlig klar for frukost

Så eg har stått opp.Funne meg kaffi
Ingolf har fått frukost og er på vift
Eg er trøtt,frys og har ein heller laber start på dagen.O5…Kva skal eg oppe så tidleg etter:-)
Syns litt synd på meg sjølv.
Ikkje det at det hjelper men godt med litt sympati:-)
Blir nok ein ok dag idag og,når eg er klar for det

Ha ein super laurdag

På med tjukkelabbane :-)

Eg frys
Så her er det full vinterbekledning inne
Tjukk jakke,tjukke labba og pledd

Kaldt syns eg.
Tenkte eg skulle sleppe fyre i ovnen.Gidd ikkje hente ved
Litt trøtt og så er nok grunnen
Tidleg oppe og til øyenlege
Var intet nytt under sola anna enn at augedråpane gjer nytta si og trykket er endeleg gått ned
Får ta med meg det positive i tristheita.

Nyheitsbildet vert berre verre og verre
Forstår ikkje korleis dei tenkjer .Mentaliteten forstår eg heller ikkje
I det heile lite eg forstår
Her bytter vi statsrådar litt vel ofte syns eg.Håper det held no for for partiet er det ikkje akkuratt positivt

Fornøgd med linbuksa eg kjøpte meg:-)Angra ikkje på det kjøpet.Litt sid,kanskje men gjer ingenting
Var godt med ei romsleg bukse etter gammalt.

Starta på siste gardinkappen av tre.No trur eg altso eg berre må sei til meg sjølv at..No heklar du:-)
Ellers er eg redd dette kan ta tid.
Liksom kommen ut av heklebobla og har meir lyst å lese..

Stolpejakta har fått stolpar her i kommunen og
Såg på kartet, og ser at eg bør gå med følje
Stygt redd det ellers utløyser ein leiteaksjon

Snakka om det med veslesysta idag.Ho ville stoppe på heimvegen og ta nokre stolpar ,sa ho. Det ser eg ho har gjordt.
Nokre må eg vel finne aleine får eg tru. Går eg meg vill får eg ringe ein venn:-)Eller røde kors
Er totalt retningsvill
Men har det som mål og finne desse stolpane innen fristen:-)
Har ikkje sakt eg klarer det,men målsettingar skal ein jo ha:-)

Tidlegvakt imorra ..Tida fyk
Ha ei super helg fortsatt

Tannlege meg her og der


Starta først dagen i Førde med handling.
Mat og linbukse..
Med strikk i livet må vite.
Treng ha bukse som ikkje strammar for her renn kiloane på og eg et som eg skulle hatt betaling.
Men litt nytt er no kjekt uansett.
Så til tannpleiaren og få bedøvelse som har vart nesten til no.
Venstresida er ferdig.
Litt venting før eg reiste vidare til tannlegen på Sande..
Må passe på…nesten hull..
Men må skjerpe meg.
Ny tur til Førde imorra.
Då er det auget..
Slitsomt..
Gleder meg til mandag eg..
Då har eg fri og skal berre kose meg..
No er det sommerhytta på tv.
Koselig..
Eg er sliten av igrunnen ingenting..
Frys.
Rett og slett trøtt

Pensjon …kortid går ein av?Tja

Vanskeleg igrunnen,syns eg.
Kan gå av ved 65,men vil eg det.
Pensjonen er ikkje så mykje å leve av.
Så fortsatt tenkjer eg…nei…Dei får halde ut med meg ei stund til

Idag skal eg møte klp.

Trur eg har same meininga etterpå,men kven veit
Det er når ein kjenner dagane vert meir og meir tungstarta ein tenkjer…Burde eg gått av?

Jaja
Fortsatt sit eg under teppet mitt og småfrys.
Kaffi i koppen
Grått ute så mulig eg bør ta litt husarbeid.
Jobbehelg på meg..
Denne veka er sånn travel veke der alt skjer.Sjukehus,tannlege og diverse.Masete
Men må til så er berre å få det unna.

Ser ut glaset og tenkjer…
Kjekt å kunne sitte ute på balkongen til sommaren,for no er det nesten ferdig.
Kjekt med snille sønner:-)
Vert varm om hjarterota…Når eg først får hjelp så skjer det fort.

Tek ein sein start på dagen idag.
Kjenner at det er akkuratt det gamla treng:-)