Siste dagen

I mars altso:-)
Sit no her og funderer over livets gode og mindre gode sider.
Kaffien er nett ferdig.Lukter og smaker godt for ein sliten og trøtt kropp

Ser ut som det vert ein fin dag..Snart påske, og eg må innrømme at i år så er det lite viktig
Men, kjem gjer den uansett

Prøver å manne meg opp til å gå i dusjen.
Men alternativet er ikkje bra.
Litt hygiene må nok til her i gården og, skal eg ikkje skremme livet av dei på legekontoret
Må inn å ta blodprøver. Er då ein skulle ønska at ein budde litt meir sentralt
Ikkje for det
Dusje bør eg uansett:-)Og blodprøver kan og vere viktig

Må ta meg ein tur på gravplassen idag.
På tide åt eg rydder litt på grava til pappa…Kan jo unnskylde meg med at det har vore kaldt og snø, men det er på høg tid,altso
Tek det i same slengen.

Lite energi å spore anna enn ho Ingolf her i huset.
Han syns våren er topp.
Til tider misfornøgd med maten, men kven er ikkje det.
Vi er litt ueinige om prioriteringane,og har litt ulik døgnrytme:-)

Røyter noko volsomt fortida,så lodden pus i hus er ikkje alltid noko stas.Men er selskap .
Kjekt å ha nokon som blir glad for at du kjem heim og viser det:-)
Litt meir styr med dyr når ein vil reise vekk

Er berre å gå i dusjen og prøve sjå lyst på livet:-)Kan til tider vere travelt nok det og

Ha ein super dag,og fin palmehelg

1 kommentar
    1. Det er berre å prøve sjå lyst på det ja…
      Den røytinga er til tider travel på for hund og katt… og menneske hehehe men men 😀 God fredag!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg