Mandag morgon blues:-)

Funne fram kaffikoppen min og krølla meg godt innunder pleddet
Er ikkje dei store temperaturane ute,og litt sånn grå dag
Kunne tenkt meg temperaturar litt høgre opp på skalaen ,når vi først har oppett:-)

Ny jobbveke og neste helg er det jobbehelg. Det er då vi får sommar selvfølgeleg:-)
Alltid nydeleg ver på mine arbeidshelgar syns eg, men må nyte det en kan.

Fordelen med kveldsvakt er at eg kan få starte kroppen i fred og ro
Brukte søndagen til avslapping heime. Dvs.vaska stakkars Larris(bilen)
Den trengde sårt at nokon rydda og støvsuga den
Merkelege greier at slike ting er sånnt tiltak. Er jo fort gjordt:-)

Ikkje kvar dag eg har lyst på fjelltur for å sei det slik
Men rusler no stripa mi, berre for å få bevegelse i kroppen:-)
Er det som er det fine med oss menneske. Vi er alle like og har ulike ting vi likar og ikkje likar
Supert,tenkjer eg.
Ein av grunnane til at eg som regel går aleine på tur, er farten
Eg går seint og ting tek tid.
Men eg kjem fram,og slepp å føle eg er dei byrde
Det er ingen god følelse for nokon
Gjesp…
Kanskje snart tid for å komme ut av pysjen og starte dagen:-)

Ha ein fin mandag

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg